Informasjon

michael_lauvnostind.jpg

Fotograf på Sunnmøre med actionfoto, eventfoto og miljøportrett som spesialitetar. Mitt kjenneteikn som fotograf, er at eg er villeg til å legge ned den innsatsen som skal til for å få eit godt bilete.

Fotografi er ikkje levebrødet mitt, eg gjer det fordi eg likar det. Det at eg allereie har ei sikker inntekt gjer at eg kan ta på meg interessante oppdrag mot å få dekka utgifter og/eller eit lite honorar.

Eg byrja å fotografere i 16-årsalderen. I byrjinga vart det mykje bilete på klatreturar med kompisar. Både eg og alle syskna mine har vore aktive idrettsutøvarar og glad i friluftsliv, og difor vart det etter kvart også mykje bilete på idrettsarrangement og turar, og det er framleis slike bilete eg er mest glad i å ta. Ein periode var eg fast fotograf på alle kampsportstevner i Bergensregionen, løna av Norges Kampsportforbund. No har eg altså bestemt meg for å forsøke meg på oppdragsfotografering, men framleis fordi eg likar å fotografere, og fordi eg håpar det gjev meg moglegheita til å ta nokre gode bilete som eg elles ikkje ville fått teke.

Studio har eg ikkje, så all fotografering skjer på location.

Ta kontakt for ein prat om korleis eg kan løyse ditt oppdrag.

Til ettertanke
Utviklinga innan fototeknologi saman med auka velstand, har gjort fleire og fleire har fått tilgang på og råd til fotoutstyr som tidlegare berre vart nytta av profesjonelle fotografar. Det vil seie at sjølvlærte fotografer som meg, i stor grad kan oppnå den same tekniske kvaliteten du vil få frå ein utdanna fotograf, men likevel har vi ikkje den rutinen ein får gjennom ei fotografutdanning eller gjennom årevis som assistent eller lærling hjå ein erfaren fotograf. Når det er sagt, vil eg påstå at innanfor mine spesialfelt, kan eg levere like gode bilete som mange profesjonelle fotografar. Men vert eg beden om å ta mote- eller interiørbilete, har eg også sjølvinnsikt nok til å peike oppdragsgjevar vidare til andre fotografar.

Det eg prøver å seie, er at du bør ha tenkt gjennom om det er greitt å hyre inn ein sjølvlært frilansfotograf til oppdraget ditt, eller om du bør få tak i ein heilprofesjonell fotograf.